Nora Gard (t.v.) og Emilie Ydstebø skal selje på bruktmarknaden. I bakgrunnen er Anna Gard med Alfred, Alma og Maria. Foto: Silje Talgø Klakegg

– Det er ikkje lenger så mange møtestadar på Talgje, så det er kjekt om flest mogleg vil bli med, om ikkje for å handle, så i alle fall for å vere sosiale. Det er det som er hovudtanken bak idéen. Men det kan jo vere ein bonus viss du kan gjere eit godt kjøp på bruktmarknaden i gymsalen, seier Gard, som er intitativtaker til arrangementet:

– Gjenbruk er jo i vinden. Viss du har ting du vil bli kvitt, kan du bestille eit salsbord på marknaden. Det er gratis, og inntekta frå det salet, vil du behalde sjølv.

For å bestille bord, kan du ta kontakt med Anna Gard på telefon 98847319.

Ho fortel at det i tillegg vil vere kafé med sal av kaker og kaffi til inntekt for KPK Ukraina. Stiftinga KPK-Ukraina er ei offentleg godkjend humanitær stifting som driv bistandsarbeid i Vest-Ukraina.

– Leikeplassen og ballbingen utanfor kan nyttast av ungane, så her kan både store og små kome for å treffe gamle og nye vener, seier ho vidare.

Det er ikkje krav om at du må bu på Talgje for å ha bord på bruktmarknaden.

– Det er allereie nokon frå Finnøy som har tinga salsbord, og det er plass til mange fleire, påpeiker Gard, som håper at folk vil kome frå både Finnøy og Rennesøy kommunedelar for å dele ein kjekk dag med talgjebuen.

Marknaden og kaféen vil vere open frå klokka 11 til 15 laurdag 9. mars.