No kan alle peparkakebakarar brette opp erma att

Det er tid for årets store happening på Finnøy; den store peparkakebakekonkurransen.

Dette eksemplaret av Sjernarøybonden blei lage av Iselin Norheim Tuca eit tidlegare år.
Publisert: Publisert:

– Me gjentar suksessen! Bruk fantasien, lag ein peparkake «rockar», fiskar, dansar, kvinne, mann, barn, kjendis, ja kva som helst – pynt peparkaka med til dømes melis i fleire fargar, eller kanskje sukkertøy, skriv innbyggartorget på Finnøy på facebooksida si.

Dei skriv vidare:

– Me ønsker at du lager innbyggaren i stor storleik, høgd cirka 30 cm, maks storleik er lengda på eit steikebrett.

Peparkakeinnbyggaren skal hengast opp på utstilling så det er viktig at du lager ei solid og bra peparkake og eit sterkt hol, slik at ho enkelt kan hengast opp.

Lever peparkakeinnbyggaren din til innbyggartorget seinast 27. november eller innan 25. november på biblioteket (laurdagsopent) og bli med i konkurransen.

Premiane er:

1. Gåvekort, verdi 500,- (Hovudpremie)

2. Gåvekort, verdi 250,- (Vaksne over 18 år og oppover)

3. Gåvekort, verdi 250,- (Ungdom 14–18 år)

3. Gåvekort, verdi 250,- (10–13 år)

3. Gåvekort, verdi 250,- (6–9 år)

3. Gåvekort, verdi 250,- (1–5 år)

Juryen vil kunngjere kven som har vunne innan 1. desember på Facebook Judaberg innbyggartorg og Sølvberget bibliotek avdeling Finnøy.

Peparkakeinnbyggjarane vil henge oppe på innbyggartorget og biblioteket frå 1. advent fram til og med jul.

Arrangørar er innbyggartorget på Finnøy, Finnøy bibliotek og Finnøy frivilligsentral.

Publisert: