Elevar frå øyane fekk øva med røyk og redningsvest

Kunstig røyk fylte salongen på skuleskyss-båten «Rygerfjord». Elevar frå øyane fekk ei realistisk redningsøving ved kaien på Judaberg.

Redningsvesten blei tatt på med stort alvor.
Publisert: Publisert:

FINNØY: Redningsøvinga er obligatortisk anna kvart år, og tysdag morgon samla Rødne saman med ambulansebåten og Sjøfartsdirektoratet elevane til øving på Judaberg.

Kunstig røyk fylte salongen på «Rygerfjord», og elevane skulle ta seg gjennom salongen og ut igjen, eskortert av trygge vaksne. Dei fekk også prøva å ta på seg redningsvestar, som ein del av øvinga.

Litt grimaser, sjølv om den kunstige røyken bestod mest av damp.

Det gjekk glatt, sjølv om ein elev beklaga at dei ikkje fekk hoppa på sjøen, i tillegg.

Dessutan var det demonstrasjon av redningsflåte, og korleis den virkar i sjøen. Etterpå blei flåten tatt opp på kaien, slik at ungane fekk myldra inn og ut av flåten.

Kaptein Bjørn Terje Sjursen på «Rygermedic» administerte det heile med myndig røyst.

Ikkje heilt enkelt å fota seg ombord i tjukk røyk.

Etterpå var han godt fornøyd med øvinga.

-Det er bra å få øva på krisesituasjonar. Dessutan var det genialt å ha flåten på kaien, slik at ungane blir kjent med han, seier Sjursen til Øyposten.

Det var også demonstrasjon av korleis redningsflåten virkar.

Elevane Johanna Bø, Elias Berge, Noah Østhus og Martha Elin Straumstein, alle frå Fogn, syntes også det var ok å vera med på øvinga. Ingen av dei tykte øvinga med røyk i salongen var skummel.

-Men det er greitt å øva, syntes dei.

-Godt å øva, meiner desse elevane frå Fogn. Frå venstre Elias Berge, Noah Østhus, Johanna Bø og Martha Elin Straumstein.