Plaga av hærverk – får snart kameraovervaking

Dei siste dagane er det igjen gjort ugang på Finnøy skule. Mottiltak er på veg.

Rektor Bente Tjelta på Finnøy skule ventar på nytt låssystem med påfølgjande montering av kamera.
Publisert:

Av Sigbjørn Høidalen

FINNØY: – Me har stadig eitt eller anna som blir øydelagt på skuleområdet, og i det siste har det auka ganske mykje, seier rektor Bente Tjelta på Finnøy skule.

Sidan påske har fleire bosspann i skulegarden blitt ramponert. Sittebenkar og vindu har blitt grisa til, og kjøretøy har høvla over grøntareal. I løpet av helga var uvedkommande òg inne i skulebygga.

Kjøretøy har kjørt i spiral på plenen sør for Finnøy skule.

– Me veit ikkje så mykje om kven som står bak. Me håpar kameraovervaking vil løyse problemet, seier Tjelta.

Strengt regulert

Skulen har i eit par år venta på nytt låsesystem. Skulen mistenkte at nøklar var på avvege.

No har elektrikar lagt opp ledningar til elektriske låsar, som skal gjere at alle dører blir automatisk låste til eit gitt klokkeslett om kvelden. Med det elektriske opplegget følgjer alarm og kamera.

– Målet er å få alt på plass i løpet av sommaren, seier Tjelta:

– Kameraovervaking er streng regulert med omsyn til personvern. Overvakinga vil berre skje utanom skuletid, og det er berre bestemte personar som kan se opptaka.

Liknande på Fogn

Fleire skular på øyane har liknande system på gang.

– Etter påske har det vore rolig, men tidlegare har me hatt hærverk på skilt og forskjellig, seier rektor Hilde Folkvord Juul i Fogn oppvekstsenter:

– Alt av ledningar er montert, og om kort tid vil me vere i gang med overvaking i oppvekstsenteret på Fogn.

Ho har òg ansvar for oppvekstsentra på Ombo og Sjernarøy, men der har ikkje dette vore noko tema.

Har balla på seg

Når eit søppelspann blir sparka sund utanfor sentralskulen på Finnøy, er det vaktmeister Leif Inge Eike som får jobben med å rette det opp.

– For halvtanna år sidan blei bilar ripa opp på parkeringsplassen. Så har det balla på seg med andre ting, seier Eike.

Han viser til at det òg har vore ruteknusing i bygningar som står att etter gamle Ryggjabø vidaregåande skule, rett ved sentralskulen. Sjølv bur Eike på Halsnøy og veit lite om gjerningspersonane:

– Stavanger kommune jobbar med å få på plass nye låsar og kamera. Me får håpe det vil hjelpe.

Publisert: