FINNØY: Det opplyser prosjektleiar Knut Skaar til Øyposten. Det er alt sett ut stikker på ein del av strekninga, og Øyposten har fått reaksjonar på at dei står langt unna fylkesvegen og langt inne på markene på Nådå.

-Dei viser det planlagde midlertidige anleggsbeltet som må til for å håndtera jordmassane og for at maskinane skal kunna jobba med prosjektet, opplyser Skaar.

Gang- og sykkelvegen fylgja fylkesvegen på heile strekket. Fylkeskommunen vil i månadane framover ta kontakt med berørte grunneigarar.

Den planlagde traseen er 1,2 kilometer lang, og skal utstyrast med veglys.

Nå i starten er det i hovedsak førebuande aktivitetar som vil foregå. I første omgang vil det vera befaringar med personell frå fylket, utstikking av traseen og droneflyging for å få gode oversiktsbilete over planområdet.

Fram mot sommaren vil fylket utføra registrering av naturverdiar og prøvetaking for potetål.

Det blir dessutan arkeologisk utgraving av holveien ved Kolkaien, noko som vil skje over sommaren.

-Kva med å leggja den nye kraftkabelen i gang- og sykkelvegen?

-Vårt prosjekt er å byggja gang- og sykkelveg, men det er mulig å sjå på om det er plass til trekkerøyr til kraftkabelen. Me ynskjer likevel å koma i gang så snart som mulig, for dette er ein svært farleg vegstrekning for mjuke trafikantar, seier Knut Skaar.

Ifølge Lnett er planen for oppstart med den nye 132 kilovolts kraftforbindelsen i 2028–2030.