Mange hadde ikkje sikra barna godt nok i bilen
Statens vegvesen stilte seg opp ved Hagatoppen barnehage torsdag morgon for kontroll av sikring av barn i bil. Dei er ikkje nøgd med resultata.
– Ved Hagatoppen barnehage kontrollerte me 19 bilar i morgontimane i dag. I dei bilane me kontrollerte, var det til saman 12 barn som ikkje var forsvarleg sikra, fortel Johanne Elise Reianes i Statens vegvesen.
– Ingen fekk reaksjon, men me rettleia ein del foreldre.
Reianes fortel vidare at mange hadde gode bilsete, men at dei slurva med selane.
– Det er ikkje hjelp i eit dyrt sete når barnet ikkje er festa skikkeleg. I ein kollisjon vil barnet losne frå setet og bli eit prosjektil som flyr framover.
Viktig sikring
Ei gransking frå Norsk Luftambulanse i 2012 viste at ei kvinne blei drepen då ein gjenstand på 8 kilogram vog 2,2 tonn då den kom flygande frå baksetet i ein kollisjon.
– Difor er det viktig å sikre barna skikkeleg. Mange tenkjer at dei berre skal til barnehagen, men ingen planlegg å bli utsett for ei ulukke. Me tek dette resultatet på stort alvor, seier Reianes, og vonar at foreldra vil ta lærdom av rettleiinga.
– Viss først ulukka skjer, er det viktig å vere sikra etter forskriftene.
– For at bilstolen skal fungere best mogleg, er det viktig at belta er festa tett inntil kroppen, seier ho vidare.
– Belta må ikkje vere vridd, og ein bør ikkje ha på tjukke klede under beltet. I tillegg er det viktig at belta ikkje sklir ned frå akslane.
Fokus på tryggleik
Avdelingsleiar i Hagatoppen barnehage, Randi Sevheim Christophersen, seier at fokus på tryggleik i trafikken er viktig.
– I tillegg til å sikre barn forsvarleg i bil, er det viktig at vaksne er gode førebilete for barna når dei ferdast i trafikken. Stavanger kommune vil ha trafikksikre barnehagar, og me i barnehagane har eigne prosedyrar som sikrar at me som mjuke trafikantar ferdast i trafikken på forsvarleg vis.
Ho meiner at resultata frå kontrollen visar at me ikkje må stoppe å minne foreldra på å tenkje tryggleik i trafikken.
Mobil kontroll
Etter kontrollen ved Hagatoppen barnehage, reiste Vegvesenet vidare til Kiwi Finnøy og seinare til Sokn for å ta teknisk kontroll av køyretøy. På Sokn var det ein tilhengar som fekk bruksforbod på grunn av manglande kjenneteikn og umerka overlast over ein meter.
På Finnøy blei det delt ut eit gebyr for manglande bilbelte, eit gebyr for manglande førarkort og vognkort, i tillegg til eit gebyr for sikthindring i frontruta.