Har stramma inn praksis på Judaberg: Får ikkje rykke ut til akutte hendingar på Talgje og Rennesøy
Klage frå nabokommunar har ført til mindre aksjonsradius for akuttbilen på Finnøy.
Ei kjelde seier til Øyposten at det akuttmedisinske tilbodet på Talgje og Rennesøy har blitt betrakteleg dårlegare. Grunnen er innstramming av prosedyren som seier at akuttbilen på Judaberg ikkje skal køyre gjennom Finnøytunnelen på oppdrag.
Akuttbilen skal berre operere på sjølve Finnøy. Folk på Talgje og Rennesøy må fint vente på ambulansen frå Stavanger.
– Samanlikna med ambulansen frå Stavanger brukar akuttbilen frå Judaberg halve tida til Østhusvik og mykje kortare tid til Talgje, seier Øypostens kjelde.
Misnøye hos naboar
Avdelingssjef Helge Lorentzen i ambulanseavdelinga ved Stavanger universitetssjukehus stadfestar at praksis er stramma inn. Grunnen er tilbakemelding frå kommunane som samarbeider om å drifte ambulansebåten på Judaberg.
– Samarbeidskommunane har meint at førsteresponsbilen har blitt bruka i eit slikt omfang og på ein slik måte at det har gått ut over responstida og beredskapen til båten. Dei har bede oss følgje det opp, skriv Lorentzen i ein mail til Øyposten.
Han seier det ikkje er innført nye retningsliner, berre at gjeldande prosedyre er børsta støv av. I prosedyren for akuttbilen, det vil sei førsteresponsbilen, står dette:
«Denne enheten er satt opp som første responder ved akutt oppdrag på Finnøy, og brukes kun når førsteresponder oppdrag aktiveres av AMK Stavanger.»
Dårleg for Talgje
Etter det Øyposten skjønnar blei den nye praksisen innført for kring eit halvt år sidan, og fleire som jobbar i ambulansetenesta mislikar den. I ein del situasjonar kan dei ikkje yte like god hjelp som tidlegare. Ved akutt livstrugande hendingar på Talgje har dei fått føringar om å bruke ambulansebåten til øya og så finne alternativ transport inn til den eller dei som treng hjelp.
Ambulansebåten dekker eit stort område frå Kvitsøy i vest til Lysebotn i aust pluss alle øyane og strandstadene i Stavanger og Hjelmeland. Problemet er korleis prioritere når det oppstår fleire hendingar på ein gong.
Drifta av ambulansebåten er eit samarbeid mellom Helse Stavanger og kommunar i Ryfylkebassenget. Rygermedic blei sjøsett på Judaberg våren 2021 og blir drifta av hurtigbåtrederiet Rødne.