Øyvind lever av å fange mink. Slik unngår han garantert å fange katt
Statens naturoppsyn har fleire hundre feller ute for å fange mink, og dei har aldri fanga katt, seier minkjeger Øyvind Nesheim.
Øyposten skreiv nyleg om Øyvind Haugvaldstad på Mosterøy som på eitt døgn mista to kattar i minkfeller som nokon hadde sett opp i nabolaget.
Profesjonell minkjeger Øyvind Nesheim har sett bilete av den aktuelle fella, og han er sterkt kritisk til det han såg.
– Fella hadde opne slisser på sidene der ein katt kunne få inn poten. Slike feller burde vore strengt forbode, seier Nesheim.
Sjølv har han fått i oppdrag frå Statens naturoppsyn å ta ut all mink frå fuglefredingsområdet på Nordre Rennesøy. Oppdraget lovar han å løyse heilt utan risiko for eventuelle kattar.
Hundar etter mink
Me køyrer bil frå Sørbø kyrkje ut til starten av fangstruta. I bilen har Nesheim to hundar, Storm og Frøya, som er trena til å reagere på minklukt.
– På ein månad har eg tatt åtte mink her, men eg veit at det er tre igjen. Eg ser det på måten hundane markerer, seier Nesheim.
Ved ein steingard ned mot sjøen kjem me til den første fella:
– Opninga skal vere maksimalt sju centimeter i diameter. Så skal det vere minimum 30 centimeter inn til slagmekanismen. Slagmekanismen er heilt innebygd. Eg brukar aldri feller med slisser på sidene.
Som åte brukar han helst små tøybitar med minklukt. Kvar gong han fangar ein mink, samlar han sekret frå luktkjertlane til dyret.
Om skotpremien
Om det faktisk er lov å bruke minkfeller med slisser på sidene, er litt uklart. Uansett heiter det i lovverket: «Fangstredskapet skal plasserast slik at andre viltarter ikkje blir fanget», ifølgje Miljødirektoratet.
Spørsmålet om fellefangst er brennaktuelt sidan det er venta at Stavanger kommune snart vil lyse ut ein premie på 1000 kroner for kvar avliva mink i Rennesøy og Finnøy kommunedelar.
Øyvind Nesheim veit kva som skal til for å halde minkstamma nede.
– Om eg skulle fått 1000 kroner for kvar mink, hadde eg gått i dundrande minus, seier Nesheim:
– Dei første dagane i eit nytt område kan du fange mykje, særleg om hausten når årets ungar er ute. Dei går lett i felle. For å ta dei siste, krevjast stor innsats, og i dette faget heiter det at alt anna enn alle er ikkje godt nok.
Litt seint ute
I fuglefredingsområdet på Nordre Rennesøy hekkar terner, vipe, rødstilk, gravand, tjeld, ærfugl, fiskemåke og storspove. Ikkje minst ternene er utsett, og ein mink kan gjere reint bord om den kjem over eit kull med terneungar. Kvar mink patruljerer ei strandline på kring to kilometer, og to pluss to er fire.
– Ute på holmen der hekkar det terner nå, og inne i naustet der veit eg at det er ein mink.
Nesheim peikar og fortel:
– Om eg ikkje får tatt den minken, er det nesten garantert at ternene ikkje vil få fram ungar.
Han kom litt seint i gong med årets sesong. Ideelt sett burde han starta i mars, fortel han, då minken er i brunst og lettare let seg lokke av tøybitar med minklukt.
Årleg prosjekt
Planen er at Nesheim kvart år framover skal ta ut mink frå Nordre Rennesøy i forkant av hekkesesongen. Årlege fugleteljingar skal vise kva som eventuelt blir effekten.
Til hausten er det på tale å gjennomføre eit liknande prosjekt på Talgje, der målet er å utrydde all mink på øya. Prosjektet er enno ikkje spikra.
Me kjem til ein ny steingard der Nesheim har ei felle. Ute på fjorden ser me ferga som går mellom Mortavika og Arsvågen. Over oss høyrer me ein storspove plystre.
Fella er tom:
– Akkurat her er eg usikker på om det er fleire minkar att.
Fella er ein litt annan patent enn den førre. Nesheim kjøper slagmekanismen og byggjer kassa sjølv. Kassa har ingen opne slisser på sidene.
Me går tilbake mot bilen.
– Siste utveg for å ta ut dei tre siste minkane er å sitje på post i time etter time og vente, seier Nesheim.
Å sjå fleire fuglar på vengene er drivkrafta.