Rogaland fylkeskommune har gitt Talgje Rensefisk AS løyve til å produsere settefisk av kveite på Talgje.

Selskapet har frå før hatt lov til å produsere reinsefiskane berggylte og rognkjeks, som blir bruka til å ete lakselus i oppdrettsanlegg. Anlegget på Talgje kan til ei kvar tid ha inntil 150 tonn biomasse med fisk, anten det no er av kveite eller av eit kvart anna, står det i løyvet.

– Då har me fått løyvet, så då jobbar me vidare for å få til kontraktar for kveite. Korleis utfallet blir, er det for tidleg å sei, seier dagleg leiar Liv Lorentsen i Talgje Rensefisk.

Næraste kveiteoppdrettar er Sterling White Halibut på Hjelmeland, men det finst fleire alternativ. I desse dagar er anlegget på Talgje tomt for fisk.

– No produserer med rognkjeks på anlegget vårt i Hindaråvågen, ved Nestrand. Det me treng av rognkjeks, greier me å lage der. På Talgje driv me vedlikehald, seier Lorentsen.

Talgje Rensefisk AS er eigd av Grieg Holdings, som eig fleire liknande reinsefiskanlegg i Ryfylke, Austevoll og Finnmark.

Kart som viser anlegget til Talgje Rensefisk: