Folk som bur i Finnøy og som er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, kan få ei oppmuntring til jul. Det er målet når kyrkja og frivilligsentralen måndag 6. november startar Julegåveaksjonen 2023.

– I fjor samla me inn vel 30.000 kroner, som me kjøpte gåvekort for. Me fekk tilbakemelding om at gåvene blei veldig godt tatt imot, seier Brenda Talgø Kolstadløkken, utadretta medarbeidar i kyrkja i Finnøy.

Ho organiserer julegåveaksjonen saman med leiar Ragnhild Valand i Finnøy frivilligsentral. I fjor var det Nav som formidla gåvekorta, men dei har ikkje kapasitet til å vere med på aksjonen i år. I år må dei som ønskjer eit gåvekort sjølv ta kontakt med anten Brenda eller Ragnhild.

– Me vil at terskelen for å ta kontakt skal vere låg. Auka kostnader gjer at mange kjenner på uro for å få endane til å møtast. Tanken bak aksjonen er at folk i lokalsamfunnet kan hjelpe kvarandre ut frå kapasitet, seier Brenda.

Aksjonsperioden er frå måndag 6. november til måndag 4. desember. Då kan folk gje pengar via vipps eller bankoverføring og merke gåva med «Julegåveaksjonen». Vipps-nummeret er 719152. Bankkontonummeret er 3347.30.01905.