Spreke pensjonistar frå Strand på Ørnareiret
Rytråkken, kallar dei seg, pensjonistane som tysdag besøkte dagsturhytta på Fogn.
Allereie klokka 0800 sto 21 spreke pensjonistar i kaldt og fint vintervêr på kaia, klare til å legga bak seg eit nytt turistmål.
Etter Ørnareiret er det lagt inn eit kulturelt stopp på museumet på Erås.
Prioriterer pausane
– Totalt er me 42 igjengen, men det er ikkje alltid det passar for alle, seier Nils Eie frå Fiskå som saman med Dag Vestbøstad tok inititiavtiv til Rytråkken.
Kvar tysdag legg vennegjengen ut på tur rundtom i distriktet. Målet er å gå minst ei mil på kvar tur som varer rundt fire timar.
– Eg må skunda meg å legga til at pausen er høgt prioritert, ja kanskje til og med sjølve høgdepunktet, smiler Eie, og held fram: Dette er ein fantastisk fin måte å vera sosial på. God trim og godt fellesskap er det beste utgangspunktet for ein vellukka dag.
Gjengen i Rytråkken har gått på tur saman i fire år, to gonger på lengre turar med overnatting. Den aller fyrste turen hadde dei 13.mars 2019.