Mastergradsstipend til ryfylkingar

I tre år skal Ryfylke IKS dela ut seks stipend på 100 000 kvar, til personar som ønskjer å ta mastergrad som går på forhold som gjeld Ryfylke.

Reidun Langvik, fungerande leiar i Ryfylke IKS, lovar store beløp til mastergradsstudentar som kan gi auka innsikt om regionale forhold.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

Den fyrste søknadsfristen gjekk ut 1. februar

– Me ønskjer større fokus på regionale forhold gjennom strategisk arbeid og informasjon henta inn gjennom fakta og forsking, og som spelar ei rolle for utviklinga av arbeidslivet og lokalsamfunna i Ryfylke. Difor har me gått ut og lova eit stipend på 100 000 kroner til seks kandidatar i løpet av tre år, som gjennom si mastergradsoppgåve kan gi oss den innsikta, seier fungerande leiar i Ryfylke IKS, Reidun Langvik.

Breie fagfelt

Førebels er det ikkje bestemt kven som er dei heldige to fyrste kandidatane.

– No skal me evaluera kvar søknad og sjå kven som tifredstiller kriteria og som på beste måte kan bidra til ny kunnskap og auka innsikt i i ulike problemstillingar, både i offentleg sektor og sentrale næringar.

Dette er område som Ryfylke IKS ønskjer å vita meir om, og som mastergradsstudentane kan hjelpa med.

– Å bidra til utvikling i ei eller fleire av dei sentrale næringane i Ryfylke innan kraftproduksjon, bergverk, havbruk, landbruk eller prosessindustri.

– Gjennom samskaping og breie tverr-/fleirfaglege samarbeid styrkje dei offentlege tenestene for folk som bur i Ryfylke.

– Å styrka fagmiljøet for dei som arbeider med karriererettleiing med sikte på å samprodusera om løysingar til beste for brukaren og arbeidslivet.

– Å bidra til å byggja faglege nettverk på tvers av næringar/sektorar, for fagleg utvikling, nyskaping og innovasjon.

Alle som tek masterutdanning og vil skriva masteroppgåva si om tema som er relevant i punkta nemnt over, kan søka om stipend.

Ryfylke IKS har fått offentlege midlar til stipenda frå regionale og statlege aktørar.