Her er Frode Selvaag saman med kjendiskokk Arne Brimi. Dei har eit profesjonelt samarbeid i mange prosjekt. Foto: Arkivbilete

Selvaag fortel til Øyposten at dette er eit stort høgdepunkt i karriera hans.

– Her konkurrerer kokkelandslag frå heile verda, seier han:

– Eg blei plukka ut av Worldchefs Culinary Competition Comitee i april i fjor, og eg skal dømme kokkelandslag senior og deira varmmatkonkurranse.

Kokkeolympiaden heiter IKA Culinary Olympics på internasjonalt språk, og dette er ein viktig konkurranse innanfor kokkemiljø i heile verda. Kokke-OL arrangerast kvart fjerde år i Tyskland.

Ryfylkekokken er også eit kjend fjes lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt. Han har samarbeidd med Arne Brimi om «Eit godt måltid» som er eit prosjekt som du kan lese meir om her.