Unge vil laga ny Ryfylke-logo

Ein ny logo for Ryfylke, er blant forslaga eit ungdomsutval sett ned av Ryfylkerådet har for å marknadsføra Ryfylke som region betre.

Rapporten meiner det er behov for å marknadsføra Ryfylke betre.
Publisert: Publisert:

RYFYLKE: «Du skal ikkje kunna koma inn i regionen utan å sjå logoen til dømes på på skilt og banner», heiter det frå ungdomsutvalet. Den skal også kunna brukast på klær og som merkevare.

Det bør lagast ei nettside med oversyn over arrangement, fritidstilbod, turistattraksjonar og jobbtilbod for heile regionen, gjerne med innslag av kule videoar som òg kan nyttast i sosiale media, heiter det vidare.

Ungdomsstyre

Utvalet meiner at det er behov for eit ungt Ryfylkestyre og ikkje berre eit råd. Eit styre som kjem med innspel til saker og har hand om konkrete prosjekt som tener interessene til dei unge frå regionen. Ein føresetnad for å få det til er at innspel som styret kjem med blir høyrt og tatt seriøst.

Utvalet har ei klar oppfatning om at nye generasjonar treng kunnskap om Ryfylke. Eit fast ungdomsstyre som set saker som ungdom meiner er viktige på dagsorden, og som kan sveisa ungdom i regionen tettare saman, er eit viktig verkemiddel for at denne kunnskapen skal nå fram til dei nye generasjonane.

Utvalet meiner at det må utarbeidast ein strategi for korleis Ryfylke skal visast att i skulen, som er ein av dei viktigaste lærings- og danningsarenaene me har. Skulen bør kunna gi kunnskap om regionen, både geografi, næringsgrunnlag og kulturhistorie sett i samanheng. Unge må få oppleva kva Ryfylke har å by på og læra om og sjå potensialet som regionen har for utvikling og vekst, meiner utvalet.

Ei Ryfylkeveke i skulen

Utvalet har også hatt besøk av tidlegare statsråd og tidlegare fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa, og ho foreslår at skulen skal ha ei «Ryfykeveke» med fokus på kjennskap til eigen kommune og dei andre kommunane i regionen, kjennskap til ordførar og det politiske systemet, arbeidslivet, sommarjobbar og samferdsle.

Utvalet har bestått av Anne Bratthammer, Paula Drozdzynska, Arin Eirikssønn, Håvard Handeland, Sondre Hebnes, Joel Nag, Maicen Ravnås og Emil Riskedal. Det var også med to medlemmer frå Finnøy, men dei gjekk ut av utvalet.