TEAL får 300.000 frå Stavanger kommune

Næringshagen TEAL på Finnøy får 300.000 kroner i støtte frå Stavanger kommune.

TEAL på Finnøy får avtale med Stavanger kommune.
Publisert: Publisert:

STAVANGER: Det blei samrøystes vedteke på møtet i formannskapet torsdag. Venstres Mette Vabø understreka at partiet hennar heiar på arbeidet som TEAL gjer, men ynskte samtidig ei grundigare orientering om arbeidet som TEAL gjer.

Difor leverte ho eit forslag som fylgjer saka vidare om at TEAL kjem og orienterer om arbeidet sitt på eit seinare møte.

Frode Myrhol (fp) stussa litt over at TEAL, som han sa dreiv med tomatkonferansar, og som han meinte er ein del av Tomatfestivalen, blei forfordelt i forhold til andre aktørar som Gladmatfestivalen. Men Myrhol la også til at TEAL gjer ein god jobb både for Finnøy og Ryfylke, og han hadde ikkje noko avvikande forslag.

TEAL fekk før jul beskjed om at næringshagen blir med i Sivas 10-årige næringsprogram, og får auka den årlege støtta frå 1,4 millionar kroner til 2,1 millionar kroner.