Wictor Juul er fognabu og leiar av Fogn grendelag. Han var ordstyrar under folkemøtet på Fogn. Foto: Silje Talgø Klakegg

Det var alle grendelaga i øyane og bondelaga som inviterte til møtet.

– Dei fleste øyane var godt representert, fortel Wictor Juul, leiar i Fogn grendelag til Øyposten dagen etter møtet. Målet med møtet var å minne politikarane på at lokalbusetnaden ikkje har slutta å kjempe for gratis ferje, og samstundes å fortelje dei kor store kostnadane er for næringa som er avhengig av ferje i drifta si.

– Nokre kvitsøybuar hadde også tatt turen over. Ole Olsen innleia debatten og Jon Olav Runestad stilte gode spørsmål til dei frammøtte politikarane, seier Juul.

Over 100 menneske møtte opp på folkemøte på Fogn som har rundt 350 fastbuande. Foto: Håvard Østhus

To posisjonsparti

Han fortel at Høgre og Kristeleg Folkeparti stilte i panelet.

– Det står det respekt av! meiner han, og legg til at debatten til tider var einvegskøyrd:

– Dei visste at det kom til å bli ein frisk debatt, og at dei då tek seg tid til å stille, synest eg er veldig bra.

Likevel er han ikkje nøgd med svara dei gav.

– Det var mykje prat om rammetilskot og øyremerking, men ingen svara eigentleg på det me spurde om. Høgre var også i overkant opptatt av å skulde på Arbeidarpartiet, noko som ikkje løyser situasjonen for nokon av oss, seier han.

Frå Kristeleg Folkeparti møtte Anne Kristin Bruns og Guri Tysse. Frå Høgre møtte Erlend Jordal. Arbeidarpartiet stilte med Frode Berge, Ann Sesilie Tekfeldt og Bente Gravdal. Hanne Marte Vatnaland kom frå Senterpartiet og Kari Vestbø stilte frå Sosialistisk Venstreparti. Foto: Håvard Østhus

Store utgifter

Eit døme er Ryfylke Tomat på Fogn som får 200.000 ekstra i utgifter når dei må begynne å betale for bilar dei må sende med ferja.

– Det er mange som får store auka kostnadar i løpet av året, og dette er ikkje pengar dei har budsjettert med. Me spurde dei korleis dei tenkte at bedriftene skulle fikse det, og fekk eigentleg berre til svar at det er veldig synd, men at dei må nok berre betale, seier Juul oppgitt:

– Og argumentasjonen med at det var for å redde hurtigbåten er ikkje god nok. No må ei stor gruppe næringsdrivande i øyane betale for å redde hurtigbåttilbodet for heile fylket. Det er ikkje same brukargrupper, så å setje desse opp mot kvarandre er berre ufint.

Han legg til:

– Dette er svært dårleg signal til ungdom som kunne tenke seg å ta over gard eller andre verksemder etter foreldra.

Veg frå øyane

Han fortel at øybuen har vore med å betale ned på både Rennfast og Finnfast, men at vegen frå øyane aldri vil bli nedbetalt.

– Dette ordna regjeringa ved å fjerne betaling på ferjene som eit distriktspolitisk tiltak. Som einaste fylke, takkar Rogaland nei til denne ordninga. Det grenser til sivil ulydnad frå fylkestinget, påpeiker han, og legg til at siste ord ikkje kjem til å bli sagt i saka før fylkestinget sørgjer for gratis ferje att.

Som Ole Olsen i aksjonsgruppa sa:

– Me gir oss aldri!