Arbeidet med å rassikre fylkesvegen forbi Kvitevik sør på Finnøy held fram til fredag 29. mars.
Sikringsarbeidet starta 5. januar, og sidan då har det vore nokre urovekkande episodar.
– Dei som jobbar på staden opplever det som utrygt at det ferdast folk i området når dei reinskar oppe i fjellside. Det kjem steinar ned på vegen, og det er fare for at uvedkomande kan bli treft, seier byggeleiar Anne Karin Gundersen i Rogaland fylkeskommune.
– Det er observert joggarar, turgåarar, personar med barnevogn og traktorspor, legg ho til.
Eit skilt på vegsperringa fortel at vegen er stengd for all ferdsel. På skiltet står det:
«Stetind Entreprenør driver rensk og sikringsarbeid i området over veien. Dette medfører nedfall av stein og masser ut i veibanen. Veien er av sikkerhetshensyn stengt!»
Og for dei som ikkje skjønnar norsk:
«Rockfall hazard. DO NOT ENTER!»
Kart som viser der fjellsikringa går føre seg: