Desse barna går på Fjellerkene og dei syntest det var spennande å få besøk frå Øyposten og Senterpartiet. Bak frå venstre: Rakel, Letti, Eilen og Nila. Framme sit Mona Asheim Klakegg med Embla og Birger Hetland. Foto: Silje Talgø Klakegg

I dag kostar ein barnehageplass maks 3000 kroner, så dette vil bli ein kraftig reduksjon i prisen.

Birger Hetland frå Senterpartiet vitja tysdag formiddag ein avdeling i Hagatoppen barnehage for å treffe barna og dele nyheita med dei tilsette. Dei eldste ungane på avdelinga vil vere begynt på skulen når prisendringa trer i kraft, men resten av ungane sine familiar vil nok få glede av tiltaket.

Reaksjonane var utelukkande positive hjå dei Øyposten prata med.

– Dette er veldig bra, seier avdelingsleiar i Hagatoppen barnehage, Randi Sevheim Christophersen når ho får høyre nyheita.

– Familieøkonomien er pressa for mange småbarnsfamiliar, med renteauke og dyrare straum og mat, så dette vil nok vere ein gledeleg sak for foreldra.

Mona Asheim Klakegg som arbeidar som pedagogisk leiar i barnehagen, er også mor til to barn som går der.

– Sjølvsagt er dette gode nyheiter, seier ho.

– Alle tiltak som kan hjelpe barnefamiliar økonomisk, er velkomne.

Birger Hetland uttaler at dette er ein viktig sak for han, sjølv om han ikkje var direkte involvert i denne avgjersla som blei tatt av regjeringa.

– Men me har jo stått bak liknande forslag i Stavanger kommune, som gratis SFO og skulemat. Eg er glad for alle ting som kan gjere kvardagen betre for barnefamiliane, seier han.