Judaberg fekk besøk av Vinmonopolet

Ordførar Kari Nessa Nordtun og ein stor delegasjon frå Vinmonopolet var onsdag på Judaberg for å sjå på mulig lokalisering av eit minipol.

Presseansvarleg Jens Nordahl (t.v.) i Vinmonopolet fekk høyre mykje framsnakk av lokalmiljøet frå ordførar Kari Nessa Nordtun (Ap) og leiar Birger Hetland (Sp) i Finnøy kommunedelsutvalg.
Publisert: Publisert:

Vinmonopolet vurderer kvart år 200 stader som ønskjer å få etablert polutsalg. Onsdag var dei på Judaberg der dei blei møtt av Stavangers ordførar.

– Eg veit de har vore her før, men sidan den gong har det skjedd mykje, sa ordførar Kari Nessa Nordtun:

– Judaberg har nå fleire kafear og har fått ein bar. Ny flytebrygge utanfor Coopen og gratis ferjer har auka trafikken.

Ho ønskjer polutsal to nye stader i kommunen; på Judaberg og i Hundvåg.

Båtar som bunkrar

Leiar Birger Hetland i Finnøy kommunedelsutvalg heiv seg på i framsnakket.

– Me har to særs populære gjestehamner i Finnøy kommunedel; Skartveit og Helgøysund. Me har utruleg mykje båtar innover som tar ein pitstop på Judaberg, sa Hetland.

I vår spela han inn ønsket om å få eit minipol til kommunedelen.

Ønsket var ikkje heilt ukjent frå før. Vinmonopolet var på synfaring på Judaberg seinast for eit par år sidan, fortel presseansvarleg Jens Nordahl i polselskapet.

– Nå har det kome eit nytt initiativ, og me gjer heile tida nye vurderingar. Me ser særleg på den kommersielle aktiviteten på staden, og me er veldig glade i alle mulige data, seier Nordahl.

Har eigna lokale

På Judaberg er Vinmonopolet lova fullt innsyn i omsetjinga til Coop. Coop Finnøy har òg eigna lokale, seier dagleg leiar Per Ove Rosland.

Dagleg leiar Per Ove Rosland (f.v.) i Coop Finnøy, presseansvarleg Jens Nordahl i Vinmonopolet og styreleiar Arne Bergøy i Coop Finnøy utanfor bygget på Judaberg som kan bli staden for eit minipol.

– Me har eit godt eigna lokale der den gamle blomsterbutikken var, til venstre når du kjem inn døra til daglegvarebutikken. Der kan me få til alle fasilitetar som eit minipol treng, seier Rosland.

Vinmonopolet vil for all del unngå å opne eit utsal der dei risikerer å gå med underskot. Difor blir analyse av kundegrunnlaget så viktig.

I november kvart år gjer styret i Vinmonopolet vedtak om kor i kongeriket det skal opnast nye pol. Av 200 stader som er vurdert, er det då tre til fire som slepp gjennom nålauget.

Publisert: