Laurdag 8. juli arrangerer foreininga Ka skjer på Finnøy for femte gong Sommartorg i Judaberg sentrum.

Tradisjonen tru vil arrangørane syta for eit «levande torg» i sentrum med mange utstillarar, salsbuer, såpebobleshow på Kaihuset, opne serveringsstader og gode tilbod i butikkane. Er du oppteken av lokalsamfunnet kan du slå av ein prat med lokale politikarar. Dickins har i tillegg open isbar og live musikk om kvelden.

I rute

– Det aller meste er på plass, litt fintenking står att, men me er i rute og har gode kjensler med tanke på dagen. Eirik Lindal har til og med ordna med vêret, ler Marie Therese Reilstad på blomsterbutikken.

Saman med Tove Rosland på Kaihuset, Cathrine Selvaag, Ryfylkekokken og Eirik Lindal, Hauske Tre står kvartetten bak facebooksida Ka skjer i Finnøy som er ansvarlege for arrangementet.

Foto: Oddbjørg Måland

– Me ønskjer ikkje å bli ein slags mini-tomatfestival eller kopi av andre festivalar. Målet vårt er å bli verande små og heller ha spennande utstillarar og gode tilbod til heile familien som gjer at folk får lyst å komma til sentrum. Slik det ser ut så langt, trur eg me ligg godt an i år, seier Tove Rosland.

Hald deg oppdatert om arrangementet, sjekk facebooksida Ka skjer på Finnøy.