FINNØY: Det var kyrkjeverge Rune Skagestad som opplyste dette under biskop Anne Lise Ådnøy sitt besøk i kommunedelsutvalet i Finnøy tysdag.

Ifølge Skagestad er planen at dei to minnelundane kan koma på plass i løpet av 2023 eller 2024.

-Me ynskjer at dette skal vera eit tilbud i alle kommunedelane i Stavanger, seier Skagestad til Øyposten.

Hausken kyrkje i Vikevåg Foto: Arkiv

Planlegginga av dei to minnelundane er foreløpig ikkje kome så langt, men det er aktuelt med ein navna minnelund begge stader.

-Då vil det bli eit sentralt minnesmerke, kor det er anledning til å setja ned blomster og lys. Det vil også vera mulig å inngravera navn og fødsel- og dødsdato på den som er gravlagd der, opplyser Rune Skagestad.

Det er foreløpig ikkje bestemt om det skal vera plass til bare urner, eller også kistegraver.

-Det må vurderast ut frå plassen som er tilgjengeleg, seier kyrkjevergen.

-Er det mangel på gravplassar som gjer at de planlegg minnelundar ?

Biskop Anne Lise Ådnøy tok runden og helsa på medlemmer av kommunedelsutvalet. Her helsar ho på Signy Bråtveit. Foto: Rune Nedrebø

Etterspurt

-Nei, både på Hesby og Hausken er det god plass. Men dette er eit behov som er etterspurt, mellom anna fordi folk flytter meir og dermed har vanskar med å stella gravene. Stellet av minnelund vil bli gjort av gravplassmyndigheten, og når folk set ned lys eller blomster vil det vera noko som pyntar opp også for dei andre som er gravlagde der, påpeikar Skagestad.

Mest sannsynleg vil det bli kopla inn ein landskapsarkitekt i planlegginga av dei to minnelundane.

Slepp å frysa i kyrkja

Det var under biskop Anne Lise Ådnøys besøk til kommunedelsutvalet, at det blei orientert om kva som rører seg i kyrkja i Finnøy kommunedel.

Mellom anna blei det spørsmål om høge straumprisar og temperaturen i kyrkjene. Men Rune Skagestad kunne opplysa at kyrkjene i Stavanger nyt godt av fastprisavtalen på straum som Stavanger kommune inngjekk tidleg i år.

-Me senkar temperaturen til 20 grader, men tilrår ein temperatur på 19 grader, opplyste Skagestad, som la til at situasjonen i Stavanger er heilt annanleis enn i Oslo kor temp’en skal skruast ned til 15 grader.

Under besøket fekk biskopen anledning til å helsa på kommunedelsutvalet sine medlemmer. Tidlegare på dagen var biskop Ådnøy på grendahuset på Ombo, og møtte folk i bygda der. Der var mellom anna Håkon Eide til stades, og fortalde om kyrkjene i Sjernarøy og på Jørstad. Mellom anna kunne han opplysa at Sjernarøy-kyrkja kunne vore bygd så tidleg som i 1615, mens både årstala 1636 og 1647 også blir brukt. Jørstad kyrkje rundar 100 år i 2028.