Laga til gratis lunsj med god mat på Sjernarøy oppvekstsenter
Bygdekvinnelaget og Saniteten på Sjernarøy laga sist veke til ein bugnande lunsj for elevar, lærarar og barnehagen på Sjernarøy oppvekstsenter.
Av Benny Helgeland
SJERNARØY: Me var fem damer frå Bygdekvinnelaget og Saniteten som torsdag 20. oktober stelte til lunsjen, saman med seks søte og flinke elvar frå 7. klasse.
SJERNARØY: Nokon steikte omelett og eggerøre, mens andre skar opp og la på fat med mange sortar pålegg. Skjever, varme rundstykker og to gryter med byggraut blei også servert.
Det blei dekka på bordet i Mediateket denne gong, sjølv om der var det litt trongt. Det er 5.-og 6. klasse som held til der, og bord og stolar måtte berast frå gymsalen.
Men så fint dei hadde gjort det, med greiner med fine haustfargar. Og for første gang var det også navnekort på kvar tallerken, og lys.
Så blei bordverset sunge, og Christer Tysdal og Torleif Hetland heldt kvar sin tale og fortalde om maten som stod på bordet. Dei to hadde ikkje gløymt ein einaste ting.
Avslutninga på lunsjen blei toppa med varm eplepai og vaniljesaus. Men me damene hadde ein overraskelse på slutten, og hadde seks toliters isboksar med strø på lur.
Takk kjære elevar for ein flott jobb på kjøkkenet, og takk også til dei som dekka lanbrod i Mediateket. Med elevar, lærarar og barnehagen var det 63 til bords.
Dette skulle ha vore den 21. skulelunsjen som me stelte til, men på grunn av svineinfluensa i 2009 og korona i 2020 så blei dette den 19. gongen.
Benny Helgeland