Over 30.000 blei gitt til julegaveaksjonen

32 500 kroner kom inn til årets julegaveaksjon. Det er kyrkja i Finnøy og frivilligsentralen som arrangerte aksjonen for tredje gong.

Julegaveaksjonen har vist seg å bli ein suksess i Finnøy. Frå venstre Ragnhild Valand og Brenda Talgø.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

– Det er mykje meir enn me hadde håpa på. Det er stor givarglede i Finnøy, det er tydeleg. Fantastisk, seier Brenda Talgø frå kyrkjekontoret.

Pengane frå aksjonen går til innbyggarar som treng litt ekstra no i jula. Initiativtakarane kjøper gavekort på Coop som Nav deler ut etter behov.

Kome for å bli

Julegaveaksjonen som nå må kunne reknast som ein tradisjon i Finnøy kom i gang etter at Ragnhild Valand og Brenda Talgø var på eit møte om diakoni i oktober i 2020. Eit inspirerande innlegg av ein diakon frå Ålgård fekk fart i sakene. Han fortalde om innsamlingsaksjonen dei har drive kvar jul for å gjera julehøgtida litt lettare for dei som slit økonomisk.

– Me såg på kvarandre samtidig, og begge tenkte same tanke; dette kan me føra vidare i Finnøy. Dermed heiv me oss rundt og snakka med blant anna Nav som kunne seia litt om behovet i denne delen av kommunen. Etter kvart har me høyrt at det er fleire kommunedelar som gjer det same, sa Valand til Øyposten etter møtet.