STAVANGER: Øyposten har vore i kontakt med direktør Leidulf Skjørestad i Stavanger kommune om situasjonen for brannvognene på Fogn, Halsnøy, Ombo og Sjernarøyane.

Ifølge Skjørestad er det funne gode og tenelege tomter for bygging av hus til vognene.

-Men me treng leigeavtalar med grunneigarar på tomtene kor det skal byggjast, og i desse dagar jobbar me med å få på plass desse avtalane. Me har positiv dialog med grunneigarane, og reknar med at dette snart er på plass. Når dette er avklart kan arbeidet begynna med å byggja, opplyser Skjørestad.

Direktøren beklara at saka har teke lenger tid enn rekna med, men han har god tru på at det skal løysa seg nå.

Leidulf Skjørestad legg også til at kommunen har sikra seg midlertidige leigeavtalar for alle vognene, slik at sikkerheten er ivaretatt.

Det er sett av tre millionar kroner til tiltaket. Kvart bygg vil bli enkelt innreidd med plater på innvendige vegger og noko brannutstyr. Dei skal utstyrast med automatisk port med kode, samt dør på langside med nøkkel for god tilkomst ved alarm.

Bygget vil ha straum og oppvarming, men ikkje innlagt vatn. Størrelsen blir på rundt 30 kvadratmeter, og kostnaden for kvart depot er 750.000 kroner.