Samrøystes vedtak om kjøp av Hesbyskogen på Finnøy

Kommunalutvalet i Stavanger går samrøystes inn for kjøp av Hesbyskogen på Finnøy, som vil bety meir enn dobling av turområdet Teigen på øya.

Kommunen vil kjøpa Hesbyskogen.
Publisert: Publisert:

STAVANGER: Stavanger kommune har fått tilbud om å kjøpa vel 140 dekar, som grensar til turområdet Teigen.

Kommunalutvalet i Stavanger går samrøystes inn for at kommunen gis mandat til å inngå avtale om kjøp av dei to eigedommane i Hesbyskogen.

Tilbudet blei godt motteke av dei fleste partia, frå SV til Frp. Leif Arne Moi Nilsen (frp) understreka at han er veldig positiv til kjøpet.

-Finnøybuen har brukt 50 år på å opparbeida Teigen, dette er eit område kor folk går tur når det er vind og regn. Me må bare passa på at prisen blir rett, sa Moi Nilsen.

Eirik Faret Sakariassen (sv) meinte at kjøp av området vil vera bra for folkehelsa, og ein glede for innbyggarar i heile regionen.

Einaste som var kritisk var Frode Myrhol (fp), som ikkje såg vitsen i at kommunen skulle kjøpa området.

-Dette er ei utmark som alle kan ferdast i, kommunen har ikkje behov for å eiga dette. Det betyr bare utgifter. Der eg vaks opp gjekk me på tur i fjell og heiar utan grusa stiar. Vanlege stiar gir endå betre naturoppleving enn stiar som er grusa og utstyrt med lys, hevda Myrhol, som like vel ikkje hadde noko alternativt forslag til kjøp av området.

Han fekk til svar frå Eirik Faret Sakariassen at «nokon liker å ferdast på gjengrodde stiar i mørket», men det var også viktig å tenkja på dei med barnevogn eller rullestol, meinte han.