-Vater, god stein og god tid må til for å få ein fin natursteinmur

Kjartan Nedrebø er kjent for å ha mura ein del flotte natursteinmurar rundt om på øyane. God stein og og tid må til for å få ein fin mur, er oppskrifta.

Kjartan Nedrebø i gang med muring, og vateren høyrer med.
Publisert: Publisert:

SJERNARØY: For tida held Kjartan Nedrebø på med ein meter høg, dobbel mur på Nord-Talgje i Sjernarøyane.

Muren er ein flott syn, bein og med ein fin skrå mot toppen.

-Du må ha mykje stein å velja i skal det bli ein fin mur, seier Kjartan til Øyposten.

Hans favorittstein kjem frå Randøy.

-Det er fint fargespel i mange av steinane, og dessutan er dei ofte lagdelte slik at det kan gå an å dela dei, seier han.

Mykje god stein å velja i må til for å få ein fin mur.

Kjartan stikk ikkje under ein stol at det tek tid å mura ein fin steinmur, sjølv om du har god stein å velja i.

Før sjølve muringa begynner lagar han eit fast og godt fundament. Då må jord og lausmassar bort, ned til ei frostfri djupne. Så fyller han på med grov pukk viss det er ein grovare mur, og singel viss muren skal murast av håndstein.

-Eg tykkjer det er finast viss steinane ligg i beint, difor brukar eg vater for å sjekka at dei ligg rett. Ofte må eg stikka under nokre steinar for å det slik som eg vil, og kanskje også hamra av litt kantar som stikk ut, seier Kjartan Nedrebø.

Han brukar også snor på dei nederste steinane viss muren skal vera bein. På grovare murar med større steinar, som den han held på med nå, brukar han gravemaskin med steinklype.

Ein mur av denne typen er det mange som ynskjer.

Det er tydeleg at han har god trening, for han plukkar opp ei stor helle, og legg den fint på plass med maskinen.

-Eg stikk også steinar inn i dei største holene i muren, men eg synes ikkje at tettinga av muren må overdrivast. Den skal sjå naturleg ut, seier Kjartan, som brukar å ha med seg håndmann.

Denne hella må hoggast litt av for å passa perfekt.

Det kan nemleg vera både vanskeleg og mykje meir tidkrevjande å mura åleine.

Kunsten å mura har han lært hos jærbedrifta Byberg Hage og anlegg.

-Der gjekk det mykje i muring. Eg hadde læretida mi der i to år og jobba deretter i vidare hos dei i tre år. Det var både ei kjekk og lærerik tid, ein fin plass å vera, seier Kjartan Nedrebø.

Det krevst erfaring og trening for å mura med gravemaskin.
Publisert: