Feira 20 år med Ryfylke Livsgnist
Den store jubileumsfesten er til hausten, men måndag vanka det jubileumskake på Bethel.
Måndag ettermiddag var det kaffi og kaker og aktivitetar på Bethel, bedehuset på Judaberg.
Ryfylke Livsgnist feirar 20 år i år, som først blir markert med denne vesle kakefesten, og så med den store Livsgnistfesten på Finnøy laurdag 30. september.
Øyposten var innom ein svipptur for å smake ei gongkake og for å få ein liten prat med kvardagsleg leiar, som han kallar seg, Tor Øyvind Skeiseid.
– Kva har Livsgnist betydd for deg?
– Det er levebrødet mitt, for å sei det enkelt, svarar Skeiseid og held fram:
– Eg var den som starta det, og eg er den som har vore med heile vegen. At det var mulig å få til noko som dette, var grunnen til at eg og kona flytta frå Stavanger og heim igjen til Finnøy for 20 år sidan.
– Kva er du mest stolt over å ha fått til?
– Generelt at me har klart å skape glede og auka merksemd rundt Finnøy og Ryfylke. Konkret er det vel den kulturhistoriske reisa «Vandring i bedehusland» som er er mest nøgd med. Onsdag denne veka skal me ha ei ny vandring. Til saman over 16.000 personar har vore med på denne reisa til nå, seier Skeiseid.
Høgdepunktet under vandringa er alltid bedehusrevyen på Bethel. Elles er deltakarane innom både Lauvsnes gartneri og middelalderkyrkja på Hesby.
Skeiseid dreg òg fram Haugespelet, spelet om Hans Nielsen Hauge frå 2021 som Livsgnist har turnert med rundt i heile landet.
Ryfylke Livsgnist har i dag 3 tilsette som utfører 2,2 årsverk. Basen er i Ryfylke Næringshage på Nedre Hauskjeneset, på Finnøy.