Torsdag klokka 9.23 kom det melding om at E39 er stengt etter trafikkulykke i Byfjordtunnelen.

– Ein bil er påkøyrt bakfrå i nordgåande retning 200 meter frå tunnelopninga på Sokn, fortel politikontakt Svend Erik Ellingsen:

– Ingen personar er skada. Politiet er på veg og bilbergar er bestilt.

Ifølgje Ellingsen er vegen ikkje stengt.

– Hastigheiten i tunnelen er sett ned til 50 kilometer i timen, men trafikken flyter OK, seier Ellingsen til Øyposten klokka 09.40.

I nordgåande retning opp mot Sokn er det to køyrefelt.

Måndag ettermiddag denne veka var det ein tilsvarande situasjon i Mastrafjordtunnelen. Då var tunnelen stengt i halvannan time.

– Situasjonen i Mastrafjordtunnelen var òg ein påkøyrsel bakfrå. Bilane stod då slik til at tunnelen måtte stenge, seier Ellingsen.

Kart som viser Byfjordtunnelen: