Ryklame skal selje annonser for Øyposten
Schibsted har inngått avtale med Ryklame om å selje annonser for Øyposten.
Øypostens annonseseljar Sveinung Tou har i haust gått av med pensjon. Ny annonsekontakt for avisa er Tom Egill Tobiassen i Ryklame.
– Ryklame har inngått avtale med Schibsted i første omgang går ut året, seier Tom Egill:
– Me ønskjer stor suksess for lokalavisa og ser dette som ei spennande utfordring. I tillegg til jobben me gjer for Øyposten, kjem Ryklame til å halde fram med annan planlagt aktivitet.
Ryklame er eit reklamefirma på Rennesøy som Tom Egill og kona Alvilde starta i fjor. Målgruppa er små og mellomstore bedrifter i Ryfylke og Sør-Rogaland.
– Me hjelper bedrifter med å bli synlege i den digitale transformasjonen, seier Tom Egill:
– Nå kan me òg tilby synlegheit gjennom Øyposten sine kanalar på nett og papir. Me kan hjelpe kundane med idear og alt som trengst for å lage ferdige annonsar anten det gjeld trykk eller digitalt.
Øyposten har frå 1. oktober fått Polaris Media som ny eigar. Schibsted er framleis medeigar og hjelper til aktivt i ein overgangsperiode.
Øyposten er svært glade for å ha fått Ryklame på laget.
Kontaktinformasjon for annonsar i Øyposten er nå:
Tom Egill Tobiassen
Telefon: 406 03 922
Mail: annonsar@oyposten.no