Vil ikkje la museums-gjenstandar gå for lut og kaldt vatn
Krf-politikar Jostein Eiane meiner museums-gjenstandane som blei flytta frå Kulturhuset Meieriet til loftet på kaihuset i Vikevåg, snarast må takast betre vare på.
RENNESØY: -Dette er ikkje nokon forsvarleg stad å oppbevara gjenstandane, meiner Eiane.
Han ynskjer difor at gjenstandane snarast blir digitalisert og flytta saman med dei andre museumsgjenstandane frå bygda som er lagra i depotet på Vestre Åmøy. Dette bør skje i regi av Ryfylkemuséet.
-Samlinga bør ikkje splittast opp, men lagrast saman med dei andre gjenstandane i rennesøysamlinga, meiner han.
Husmannsplassen Bakken
Eiane etterlyser også om det er kome i stand ein underskriven avtale mellom Stavanger kommune og Ryfylkemuséet.
Eiane kjem til å ta saka opp som spørsmål i neste kommunedelsutval, og vil også vita om det er planlagt museumsformidling i kommunedelen i samarbeid med Ryfylkemuséet.
Vidare vil han vita om det er kome i stand samarbeid mellom kommunen, Sølvberget og Ryfylkemuséet slik at husmannsplassen Bakken på Rennesøy vert tilgjengeleg for interesserte.
-Det har vore litt uklart kven som som kan gje omvising på Bakken, seier Eiane, som meiner alle skuleelevar i Rennesøy bør få ei omvising på husmannsplassen.