FINNØY: -Krabben såg litt pjusk ut, seier Madland til Øyposten. Han fekk krabben i ei teine nyleg, og har ikkje sett noko liknande før.

Det har heller ikkje Tor Bernhard Harestad, som i 20 år dreiv Rennesøy Krabbe i Vikevåg.

-Men det var ikkje heilt uvanleg at me fekk inn nokre misfoster som hadde klør som såg ut som ein kronhjort. Fulle av utvekster, seier Harestad.

Han meiner denne krabben ikkje hadde særleg nytte av den ekstra kloa, sidan det ser ut til at han ikkje kunne bevega henne.

-Men eg har sett humrar med to sakseklør på same kloa, og humrar som har to sakseklør og ikkje nokon gripeklo, seier Tor Bernhard Harestad.

Ei uvanleg krabbeklo, frå ein krabbe fiska på Finnøy., Foto: Rune Nedrebø