FINNØY-RENNESØY: Kommunen peikar på utfordringar når det gjeld gratis skulemat for desse to skulane. Skulematen blir laga på det kommunale sentralkjøkkenet i byen i Stavanger Forum Expo, og må transporterast ut enten med elbil eller dieselbil.

Men, eit alternativ kan vera å laga maten på staden på kjøkkena til dei kommunale sjukeheimane.

I tillegg til Finnøy skule og Rennesøy skule, har også Fogn, Ombo, Sjernarøy og Vikevåg skule meldt interesse for ordninga, i tillegg til 19 andre skular i Stavanger kommune.

Kommunedirektøren har brukt interesse, levekårsutsette område og nærleik til andre skular som er med i ordninga som kriterium for å velje ut nye skular. På bakgrunn av dette har kommunedirektøren to alternative forslag til kva skular som bør bli inkluderte. I det eine alternativet er Finnøy skule og Rennesøy skule med. Saka kjem på bordet til politikarane neste veke.

Frå hausten 2023 blir den økonomiske ramma for skulematsatsinga dobla. Det betyr at om lag 3 500 nye elevar vil få skulemat frå og med neste skuleår. For å kunne starte førebuingane i god tid, er det viktig å få ei tidleg avklaring av kva nye skular som skal inkluderast i ordninga.

Kjøkkenet kan levere mat til alle kommunedelar. Når skulen ligg langt frå sentralkjøkkenet blir kostnaden per elev høgare. Det vil vere utfordringar med å levera varm mat til Finnøy, Rennesøy og Vikevåg. Matkonsept på Finnøy skule, Rennesøy skule og Vikevåg skule vil derfor måtte tilpassast.

Kommunedirektøren vil vurdere ulike løysingar dersom skular i Rennesøy og Finnøy kommunedel blir valt ut. For å sikre eit likeverdig tilbod i heile kommunen vil kommunedirektøren kartlegge og vurdere moglegheita for å bruke kommunale sjukeheimar i produksjonen av skulemat.