Desse øybuane har fått plass i kommunestyret

Sju politikarar frå Finnøy og Rennesøy er valt inn i det nye kommunestyret i Stavanger.

I opposisjon i kolonne til venstre frå toppen og ned: Birger Hetland (Sp), Tina Nådland (Ap) og Hanne Vasshus (Ap). I posisjon frå øvste rekke i midten og med klokka: Tor Bernhard Harestad (Frp), Inger Lise Rettedal (H), Nils Petter Flesjå (H) og Henrik Halleland (KrF).
Publisert:

Det endelege resultatet frå kommunevalet er klart. Borgarleg side med Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti, Venstre og Pensjonistpartiet har fått fleirtal med til saman 34 av 67 mandat i kommunestyret. Dei fem partia skal nå setje seg ned for å bli einige om saker og posisjonar.

Alt tyder på at Sissel Knutsen Hegdal frå Høgre blir ny ordførar. KrF har gjort eit godt val, fram 0,7 prosentpoeng frå 2019, så eit sannsynleg scenario er at Henrik Halleland frå Finnøy blir varaordførar.

Godt representert

Desse sju politikarane frå Finnøy og Rennesøy er valt inn, her sortert etter totalt antal stemmer og personstemmer dei fekk:

  • Tor Bernhard Harestad (Frp)
  • Tina Nådland (Ap)
  • Hanne Vasshus (Ap)
  • Inger Lise Rettedal (H)
  • Henrik Halleland (KrF)
  • Birger Wikre Hetland (Sp)
  • Nils Petter Flesjå (H)

Ut frå innbyggartal er øyane med dette godt representert, både i posisjon og opposisjon. Finnøy og Rennesøy kommunedelar har 5,7 prosent av alle med stemmerett i Stavanger og har nå 10,4 prosent av representantane i kommunestyret.

Kåringa av kandidatar

Me merkar oss at den fritalande mjølkebonden Birger Hetland frå Sjernarøyane tok det eine mandatet til Senterpartiet. Han fekk 50 personstemmer og slengarar meir enn listetopp og avtroppande varaordførar Dagny Sunnanå Hausken.

Her er ein tabell som viser korleis det gjekk med dei sju frå øyane i den såkalla kandidatkåringa, der ei kolonne viser talet på personstemmer og ei talet på slengarar, det vil sei oppføring frå veljarar som stemte eit anna parti:

RepresentantPersonstemmerSlengarar
Tor Bernhard Harestad (Frp)334108
Tina Nådland (Ap)549107
Hanne Vasshus (Ap)49281
Inger Lise Rettedal (H)44984
Henrik Halleland (KrF)564217
Birger Wikre Hetland (Sp)388201
Nils Petter Flesjå (H)23098

Lang reise opp

Avtroppande ordførar Kari Nessa Nordtun frå Arbeidarpartiet er i ein eigen liga med 9868 personstemmer og 1200 slengarar, viser møteboka til valstyret. Det hjelper lite så lenge fleirtalet rauk.

Tina Nådland frå Rennesøy, til dagleg koordinator ved innbyggartorget i Vikevåg, gjorde òg eit godt val. Ho kom inn som nummer sju frå Arbeidarpartiet og kan notere at partiet gjorde eit historisk godt val i Rennesøy valkrets der dei blei største parti med 28,5 prosent av stemmene.

Den lengste reisa oppover ei liste gjorde vel Inger Lise Rettedal, som til dagleg driv Utstein gard. Ho stod som nummer 55 på Høgres liste og kom inn som nummer 10, der dei 8 første hadde stemmetillegg. Høgre sorterte alle kandidatane utan stemmetillegg alfabetisk, så at det blei ei så lang reise opp for Rettedal, var litt tilfeldig.

Endeleg mandatfordeling til kommunestyret i Stavanger som blei lagt ut litt over klokka 18 tysdag kveld.
Publisert: