Ny måling visar at Senterpartiet ikkje får plass i kommunestyret

Etter ei måling gjennomført av Norstat for NRK er det krisestemning i Stavanger Senterparti.

Dagny Sunnenaa Hausken får ikkje ein plass i kommunestyret dersom valmålinga publisert av NRK blir realitet. Heller ikkje resten av Senterpartiet får bli med å styre.
Publisert:

Målinga visar at partiet ikkje ville fått ein einaste mandat til kommunestyret viss valet var i dag.

Dette er negativt for Rennesøy og Finnøy, fordi det er særs mange øybuar på lista, og dermed størst moglegheit til å få inn fleire mandat frå øyane. Dette krev likevel at mange nok vil stemme på Senterpartiet, noko målinga fortel at det per i dag ikkje ligg an til.

Ifølgje ein kjelde som Øyposten har prata med, manglar Senterpartiet berre 107 stemmer for å få inn ein mandat i kommunestyret.

Ingenting avgjort

– Måling er måling, seier Birger Hetland, men legg til at han er skuffa over tala sjølv om ingenting er avgjort enno.

– Det er nitrist at Senterpartiet blir utradert frå kommunestyret. Me har fått til husassistentar, gratis ferjer og skulemat. Klimatiltak i landbruket er Senterpartipolitikk. Sykkel- og gangsti til Austre Åmøy var ønskja av oss, og det same gjeld pengar til sykkelstien på Finnøy. Dette er utvikling av bygdene. Det er synd viss eit skikkeleg distriktsparti forsvinn ut av kommunestyret i ein kommune som no består av faktisk meir distrikt enn by.

Han legg til:

– Valet er på måndag. Dei som ikkje har stemt enno, eller som eigentleg ikkje hadde tenkt å stemme, kan vurdere å stemme på partiet som vil sørgje for at Finnøy og Rennesøy ikkje forsvinn ut av kommunestyret. Det vil vere ganske krise for øyane om dei byass-tette partia tek over for dei som verkeleg snakkar distrikta sin sak.

Skuffa førstekandidat

Også Dagny Sunnenaa Hausken, som er Senterpartiet sin førstekandidat, er bekymra.

– Eg håper verkeleg ikkje at dette blir valresultat, seier ho til Øyposten.

– Vi kan ha blitt for utydelege på kva som verkeleg skil oss og Arbeidarpartiet i Stavanger. Dette er kampen mot sentraliseringa og for vern av matjord.

Senterpartiet i Stavanger har 66 kandidatar som står på val. Av desse er heile 36 frå Rennesøy og Finnøy, viser Øypostens opptelling. Til samanlikning har Arbeiderpartiet berre fire kandidatar frå øyane og Høgre seks, og ingen av desse på kumulert plass. Senterpartiet har kumulert både Dagny Sunnanå Hausken frå Rennesøy på førsteplass og Birger Hetland frå Finnøy på tredjeplass.

Ordførar Kari Nessa Nordtun og Arbeidarpartiet gjer det veldig godt på målinga. Det raud-grøne fleirtalet heng likevel i ein tynn tråd fordi desse partia til saman vil få inn 31 mandat ifølgje målinga. Dei treng 34 for å få fleirtal.

Publisert: