Dagny (Sp) om valet: – Eg skal alltid finne noko å gjere

Senterpartiet hamna i skuggen av Arbeidarpartiet i Stavanger og har fått meir enn halvert oppslutninga.

Utdanna sjukepleiar Dagny Sunnanå Hausken har vore heiltidspolitikar for Senterpartiet sidan 2011. Etter valet går det mot at politikken blir deltidsjobb.
Publisert:

– Me er ikkje fornøgd. Det har vore vanskeleg for oss å vise fram at me har ein politikk for heile byen, seier varaordførar Dagny Sunnanå Hausken i Senterpartiet.

Ho registrerer at Arbeidarpartiet ser ut til å ha fått mest kreditt for saker som òg Senterpartiet har vore med å arbeidd fram. Arbeidarpartiet gjorde blant anna eit brakval i Hauskens heimland Rennesøy. I Rennesøy valkrets gjekk partiet fram frå 18,9 prosent i 2019 til 28,5 prosent. Kring Vikevåg er nå «Team Kari» det klart største partiet, som er noko heilt nytt.

– Arbeidarpartiet har gått vanvitig fram i Rennesøy. Det er ikkje tvil om at Kari har vore ein populær ordførar, seier Hausken.

Vore med på eit skifte

Hausken var sjølv ordførar i gamle Rennesøy kommune frå 2011 til samanslåinga med Stavanger i 2020. Så blei ho varaordførar i den nye storkommunen.

– Me har verkeleg fått til eit politisk skifte i Stavanger. Me har fått til gratis skulemat, gratis SFO og prøveordning med gratis kollektivtransport, seier Hausken:

– Desse sakene har me vore saman om alle partia i posisjon, men me har vel ikkje klart å få så godt fram Senterpartiets rolle. Senterpartiet kjempar for tenester nær der folk bur, og det gjeld like mykje for kommunedelar i byen som dei i øyane.

Hausken bur sjølv på Mosterøy. Der er Høgre klart største parti og Senterpartiet ikkje veldig mykje mindre enn Arbeidarpartiet.

Uansett litt politikk

Hausken er sjukepleiar og jobba på Rennesøy bo- og rehabiliteringssenter før ho blei heiltidspolitikar. Kva ho gjer no etter valet, veit ho ikkje heilt.

– Eg hadde veldig lyst til å fortsette som varaordførar, men slik ser det ikkje ut til å bli. Litt politikk framover blir det uansett. Me får sjå korleis det ser ut når alt er tald opp, seier Hausken som i sommar runda 60 år.

– Eg er sjukepleiar så eg skal alltid finne på noko å gjere. Dessutan har eg åtte barnebarn, legg ho til.

Publisert: