To gamle drenger kjem til Tomatfestivalen for å laga kunst av gammalt sølvtøy

Anders og Valter Rørheim bur på Bryne og Sola kor dei lagar knivar, armband og ringar av gammalt sølvtøy. Alt har dei lært sjølv og nå ser dei fram til å koma på årets Tomatfestival for å forvandla gammalt arvesølv til noko fint til dei som vil.

LAGAR ALT FRÅ INGENTING: Brørne Anders og Valter Rørheim stiller med stand på årets Tomatfestival. Dei tar imot gammalt arvesølv og gjer det om til ringar og armband – heilt gratis.
  • Jone Bergøy Nedrebø
Publisert:

Øyposten tar turen ut til Bryne for å treffa Anders og Valter Rørheim. Brørne er opphavleg frå Toftøy, og har blant anna jobba som drenger på Finnøy.

I stova på Bryne har Anders Rørheim funne fram alt han skal ha med seg tilbake til dei kjente traktene på Finnøy. På bordet ligg det knivar i allslags fasongar, som er laga av mykje forskjellig – alt ifrå skaft med kvaltann, og aprikostre frå Galápagosøyane.

KNIV I REINT SØLV: Her held Vetle Rørheim ein kniv som berre er laga av sølv. På sida står broren Anders med ein dobbel slirekniv han har laga heilt frå botnen.

– Korleis har du lært deg dette?

– Alt har eg gjort sjølv. Det kjem ifrå fantasien, eg er sjølvlært, seier Anders Rørheim til Øyposten.

Å laga knivar er altså ein hobby som Anders og Valter Rørheim har. Anders Rørheim begynte å laga sølvknivar i 2006 og sidan har han halde på, og ettersom åra gjekk har dei bare blitt meir og meir avanserte.

Vant med å bruke nevane

Anders og Valter Rørheim har levd aktive liv. Dei har begge jobba som drenger og er vant til å bruke nevane, og det kan ein sjå når dei arbeidar.

For å gje ein liten smakebit på korleis standen deira på Tomatfestivalen kjem til å sjå ut, set brørne seg rundt bordet på kjøkkenet for å visa korleis dei lagar ringane og armbanda.

Anders riggar seg til med hammar, mens broren tar ut sølvtøyet for å finna ei skei som vil gjere seg godt som armband.

Bla deg igjennom biletserien for å sjå prosessen.

– Det er bare å bruka hovudet og nevane så skal du sjå kva du kan få til, seier dei.

Det tar ikkje mange minutta før Ibis-skeia, som før kunne brukast til å ete suppe, plutseleg er omgjort til eit flott armband. Og det er altså dette brørne frå Toftøy skal gjera på årets Tomatfestival.

– Eg har faktisk eit motto som passar bra til det med held på med, seier Anders.

– Det lyder slik: Drenger er ikkje fødd med ei sølvskei i munnen, men med arbeidsnevar og arbeidslyst.

Ta med gammalt arvesølv for å få ein ring eller eit armband – heilt gratis

Ikkje nok med at dei er kjappe når dei først set i gong, dei jobbar også gratis.

– Kjem du med noko gammalt sølvtøy, som for eksempel ei skei kan me laga ein ring, eit armband eller ein øyredobb til deg, forklarar dei.

I tillegg til å laga ringar og armband, tar dei også med nokon som er ferdigbøygde og ferdighamra, som dei sel for rundt 150–200 kroner.

Med i bagasjen har dei også knivane dei har laga i smia på Varatun i Sandnes. Dei er ikkje til sals, men skal vere til utstilling slik at folk kan få sjå kva dei syslar med.

Knivar som passar til finstasen

Knivane som brørne Rørheim tar med seg er det dei kallar for «stasknivar». Dei er ikkje laga for å brukas aktivt, men er eit fint tilskot til for eksempel bunaden.

Det som er spesielt med desse knivane er alle dei forskjellige materiala dei er laga av. Eit knivskaft består sjeldan av bare eit materiale.

– Knivane er på ein måte ganske eksotiske, stemmer det?

– Ja, det kan du sei. Eg har ein kniv her kor skaftet er laga av gull og kvaltann, og ein annan kor knivskaftet er laga av elghorn, ibenholt- og plommetre, opplyser Anders Rørheim.

JUVELEN: Denne kniven er ein av dei Anders Rørheim er mest stolt av. Skaftet er laga av gull og kvaltann.

Det var Anders som først starta med å laga knivar, men i 2011 fekk han med seg Valter og sidan har dei halde på saman i sølvsmia på Varatun.

Vant med å jobbe i lag

Heilt sidan dei Anders og Valter Rørheim var små har dei jobba mykje i lag. Dei gjekk frå tidleg alder den same vegen og begynte begge som drenger på Vestbø.

– Det som eg tykkjer er kjekt med å laga knivar er at med gjer det i lag, slik me er vant med, seier Valter Rørheim.

KJEKT Å JOBBA I LAG: Brørne frå Toftøy har alltid jobba i lag, og det gjer dei fortsatt.

Og nå som Tomatfestivalen ikkje er langt unna ser dei fram til å koma tilbake til gamle røter, som dei omtalar som «drengetilværelsen».

– Me har ikkje vore på Tomatfestivalen tidlegare, så det blir spennande å sjå korleis opplegget er, spesielt nå som me stiller med stand, seier dei.

Publisert: