Modererer støtte til folkebad på Judaberg
Stavanger Høgre er positiv til «eit anlegg» på Judaberg, men ikkje byens folkebad med stor bokstav, seier partiets ordførarkandidat.
– Høgre er positiv til eit anlegg som kan styrke Judaberg som reisemålsdestinasjon, seier partiets ordførarkandidat Sissel Knutsen Hegdal:
– Men folkebadet, som me har jobba for i mange år og som er ei viktig sak i Høgres program, meiner me framleis må ligge plassert sentralt i Stavanger.
Viktig knutepunkt
KrFs ordførarkandidat og finnøybu Henrik Halleland har lansert Judaberg som staden for eit badeland i Stavanger, sidan tomteprisen på Finnøy er mykje lågare enn midt i byen. Han har fått positive signal frå Høgre til deler av ideen, seier han.
Eit poeng hos Halleland er at eit kombinert folkebad og badeland midt i byen har viste seg å bli både svært dyrt og komplisert i høve spelemidlar. Ideen hans er å splitte det opp og å legge badelandet «på landet».
Høgres Sissel Knutsen Hegdal utdjupar kva ho legg i å vere positiv til «eit anlegg» på Judaberg.
– Judaberg er eit veldig viktig knutepunkt nord i Stavanger for havbruk og landbruk, men òg som utgangspunkt for turisme og reiseliv. Finnøy kommunedel har eit heilt unikt landskap og øyrike, og eg ønskjer å bidra til at fleire kan få oppleve dette, seier Hegdal.
Havbad og velvære
– Med «eit anlegg» tenker eg på eit aktivitetsanlegg som kan bli eit populært reisemål for småbarnsfamiliar og turistar. Eg har besøkt ein del slike anlegg i andre byar, og her er det spennande kombinasjonsmuligheiter både med havbad, flytande badstuer, velværefasilitetar og ikkje minst aktivitetar for barn og unge, held Hegdal fram:
– Eg meiner det ligg veldig godt til rette for eit offentleg-privat samarbeid om dette, og eg er glad for initiativet som deler av næringslivet på Judaberg nå tar.
Hegdals bil, godt synleg med Høgres logo, er elles ofte å sjå på Judaberg. Ho brukar den til og frå hytta på Nord-Hidle.
– Me har vore mykje på hytta i sommar. Eg trivest veldig ute i øyane, seier Hegdal, busett på Madlamark og opphavleg frå Harstad:
– Viss eg må raskt av garde på eit møte, køyrer mannen min meg med båt til Judaberg, så tek eg bilen vidare.