SMASH! - der er Finnøy volleyball i gang

Finnøy har fått sitt første volleyball-lag i serien. Onsdag kveld var det kamp mot UiS i Fleirbrukshallen på Judaberg, som endte med ein knepen seier til UiS-studentane.

Finnøy baud motstandarane frå UiS hard kamp. Jonathan Andreassen Hetland Frestad smashar ballen over nettet.
Publisert:

FINNØY: Siste tilskotet til Finnøy Idrettslag er volleyball-laget. Frå før kan idrettslaget by på fotball, turn og aktivitetsgruppe.

Volleball-laget har hoppa rett inn i 2.divisjon, i ein serie kor det er bare tre divisjonar; 1. , 2. og 3. Onsdag kveld møtte laget UiS til sin første kamp, på heimebane i Fleirbrukshallen.

Finnøy rådslår før kampen.

Det blei ein uhyre jamn kamp, men UiS klarte å dra seieren i land med siger i tre sett. Resultatet blei 22–25 til UiS i første sett, 21–25 i andre sett og 23–25 i tredje sett.

Dei to laga fylgde kvarandre ganske godt opp til 20, men deretter viste UiS seg for sterke. Volleyball-laget på universitetet i Stavanger har mellom anna vunne Vestcup, som er den store volleyball-turneringa i Stavanger arrangert av KFUM-KFUK.

Finnøy har tatt poeng og feirar.

Dermed var det slett ikkje verst at det nystarta Finnøy-laget klarte å hevda seg så godt i sin første kamp. Her må det leggjast til at fleire av spelarane har spelt på andre lag, før dei vende nasen heimover og var med og starta laget på Finnøy.

-Me har 11–12 spelarar på laget, men det er plass til fleire, seier ein av initiativtakarane Rubin Eggebø til Øyposten.

Kjekt for Finnøy var det også at det var bra med publikum på tribunen, kor det blei servert kaffi og heimebakst.

Det nystarta Finnøy volleyball-lag. Frå venstre Sander Skartveit, Ruben Hallerud Eggebø, Martin Tungland, Johan Eggebø, Espen Ansgar Hetland, Jonathan Andreassen Hetland Frestad, Vegard Eggebø, Jarle Landa, Benjamin Hallerud Eggebø, Simon Idsøe og Per Bråthen.