Folkehelseinstituttet ventar ny koronabølgje

Doktor Eivind Vestbø er ikkje spesielt uro om det kjem ei ny koronabølgje.

Eivind Vestbø trur ikkje ei ny korobølgje blir farleg, men oppmodar folk i risikogruippene til å ta influensavaksine.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

FINNØY: Folkehelseinstituttet (FHI) ventar ei ny koronabølge som skuldast avtakande immunitet i befolkninga.

Ifølgje FHI har smitten vore relativt stabil dei siste vekene i Norge. Grunnen til at dei likevel vurderer situasjonen som uforutsigbar, er at smitten aukar og fleire blir lagt inn på sjukehus i andre europeiske land.

Dette trur instituttet kan vera starten på ei bølgje som skuldast nye variantar, avtagande immunitet i befolkninga og kaldare vêr.

Truleg nye, milde variantar

Dei skriv det er usikkert kor stor bølgja blir i Norge, men at det truleg blir meir smitte, og at helseinstitusjonane må vera førebudd.

– Kva trur du om denne siausjonen, Eivind Vestbø?

– Eigentleg er ikkje dette så farleg. Nye varianter som kanske kjem til vinteren kan vera svært smittsame, men truleg milde. Grunnen er at slike epidemiar som dette har tendens til å bli mildare etterkvart. Omikron er meir smittsam, men mildare enn det opprinnelege viruset. Grunnen til at FHI åtvarer om auka press på sjukehusa er todelt: Dersom svært mange blir smitta blir det fleire innleggingar sjølv om faren for den enkelte er mindre. Det andre er at influensa kan smitta samstundes med korona. Mogleg at dette kan gi meir alvorleg sjukdom. Difor er det ekstra viktig at alle som er i risikogruppa for influensavaksine, tek denne i haust, seier tidlegare kommunelege i Finnøy, Eivind Vestbø.