Disusjon om kven som skal overta Bru gamle skule
Salget av Bru gamle skule blir droppa, men kven som skal overta skulen er litt i det blå.
STAVANGER: Tor Bernhard Harestad, som har budd på Bru i 40 år, åtvara mot forslaget om at grendeutvalet skal overta skulen.
-Då vil dei sjefa og vera høvdingar over alle andre. Eg kjenner bygda, det er fleire lag og organisasjonar her, sa Tor Bernhard Harestad (frp) under debatten i utvalet for miljø og utbygging.
Direktør Leidulf Skjørestad understreka at kommunen treng ei juridisk eining som kan overta skulen. Dessutan understreka han at kommunen ikkje skal bruka ressursar på å setja skulen i stand.
-Me har litt dårlege erfaringar med slike saker, presiserte han.
Venstre og Høyre ville ikkje at salget skulle avsluttast, viss det ikkje lukkast å finna nokon som kunne overta skulen. Men fleirtalet gjekk for å droppa salget, og tilby bygget til grendautvalet eller andre.
Kommunen skal nå gå i dialog med interesserte på Bru med tanke på å gjera det om til eit bygdehus. Vilkåret er at framtidig vedlikehaldsarbeid blir utført av bygda, og ikkje av kommunen.
Verdien ved salg blei anslått til 1,5 millionar kroner. Det har vore nokre får, men langvarige lekkasjar som alt har ført til skade, og dei vil kunna utvikla seg raskt til noko langt verre, ifølge kommunen. Midtdragaren i skulestova er knekt, noko som gjer at tilstanden på bygget er alvorleg både for personar og for sikkerheten for bygningen.
For å setja bygningen i stand må deler av laftetømmeret skiftast ut eller reparerast, og det same gjeld knutar og bjelkar. Men, problema kan løysast viss taket blir fornya, og det vert ordna med gode sløyser og beslag.