Ragnhild Valand er leiar av Finnøy frivilligsentral. Foto: Silje Talgø Klakegg

Det er Finnøy frivilligsentral som har tatt initiativ til arrangementet. Dei hadde noko tilsvarande i fjor, og dette var ein suksess.

– Det var mange som var imponerte over fingerferdigheitene til dei frivillige fiksarane våre, seier Ragnhild Valand i Finnøy frivilligsentral:

– Dei fiksa alt frå bamsar med skrubbsår, bukser som var for lange, glidelåsar og gjenstandar av tre. Me har like gode reparatørar med oss denne gongen.

Formålet med reparasjonskaféen er å gi gjenstandar lenger levetid.

Få det fiksa

Journalisten ville undersøkje om det var så lett å få ting fiksa som Valand sa. Ho strikka seg ein genser for nokre år sidan, og Bamse hund meinte at strikkegenser er digg å bite i. Dette resulterte i to hol i genseren og sur journalist.

Genseren har ligge ubrukt i eit år medan journalisten lurte på om dette er mogleg å fikse, eller om genseren berre var til å kaste.

– Dette er enkelt å fikse, seier Torbjørg Hebnes då Valand og journalisten viser den til henne. Ho tek genseren med seg heim, og dagen etter får eg heil genser tilbake.

Fleire timar arbeid tygga i stykker på to minutt. Skada var ikkje stor, men viss det først raknar er det vanskeleg å fikse. Heldigvis var Tobbå på plass og genseren er i dag som ny. Foto: Silje Talgø Klakegg

Fleire fiksarar

Hebnes kjem til reparasjonskaféen 21. mars. Det gjer også Kristoffer Østhus som er ein meister med treverk. Signy Bråtveit kjem med symaskin og det blir også bamsesjukehus denne gongen.

– Viss du har leiker liggande som treng ein liten reparasjon, er det berre å ta dei med på reparasjonskafé, seier Valand:

– Og viss du har større ting som du er usikker på om passar inn her, er det kjekt om du tar kontakt med frivilligsentralen for å undersøkje om dette er noko vi har fiksere til.

Ikkje alle namn er på blokka ennå, men følgj med på Finnøy frivilligsentral sine facebook-sider. Der vil det komme informasjon om kva som vil bli mogleg å fikse på reparasjonskaféen.