Per Ove Rosland blir ny sjef på Coop Finnøy
Per Ove Rosland (49) er tilsett som ny dagleg leiar på Coop Finnøy. Rosland har mellom anna bakgrunn frå Coop Klepp.
FINNØY: -Eg gledar meg til å begynna i jobben på Finnøy. Det blir spennande å driva ein sjølvstendig Coop-butikk, og sjå kva me kan få ut av den, seier Rosland til Øyposten.
Han jobbar nå i Coop Klepp, og har mellom anna vore med på å starta opp to Coop Extra-butikkar, ein på Øksnevad og ein på Kåsen. Rosland er opphavleg frå Orre på Jæren, men bur nå med familien på Viste i Randaberg.
-Me likar oss veldig godt der, så det blir nok pendling til Finnøy. Men det er null problem, for det er ikkje lenger å pendla dit enn til Klepp, seier han.
Rosland vil gjerne vera med og styrkja Coop’en sin posisjon i bygda, og Judaberg som handelsstad. Per Ove Rosland er utdanna i ledelse frå BI, og før han begynte i Coop Klepp for åtte år sidan, dreiv han restauranten, kiosken og baren i utanlandsterminalen på flyplassen på Sola.
Styreleiar Arne Bergøy er godt nøgd med å ha fått på plass ein arvtakar etter Sven Inge Goa.
-Me hadde tre gode kandidatar å velja mellom, og eg trur me har funne fram til den rette person til å driva Coop Finnøy vidare, seier Bergøy, som rettar ein stor takk til Sven Inge Goa for å ha levert framifrå resulater i si tid på Finnøy.
-Han har gjort ein kjempejobb, seier Arne Bergøy.
Det er ikkje endeleg spikra når Rosland begynner, men håpet er at han kan begynna i desember. Sven Inge Goa vil ha sin siste arbeidsdag i morgon, men har sagt seg villig til å hjelpa til inntil den nye Coop-sjefen er på plass.