Kåre Vargervik syner bilete av elevråda som tok i mot bøker på Fogn og Finnøy skular. Foto: Silje Talgø Klakegg

Den 18. mars blei Kultursoga for Finnøy delt ut til elevråda på Finnøy og Fogn skular.

– Me sa til dei at denne boka ikkje treng å stå i hylla. Den er ei oppslagsverk som dei kan nytte for å lære om samfunnet dei kjem frå. For ordens skuld kan eg nemne at me ikkje har gitt til Sjernarøy og Ombo fordi dei lager si eiga bok, seier Kåre Vargervik som er leiar i historielaget.

Årsmøte med foredrag

Tysdag kveld inviterte dei til årsmåte med 20 års markering. Då heldt Signy Eike-Kongsvik foredrag om Finnøy Kassafabrikk. Ho delte også litt drivhushistorie.

Rundt 20 personar møtte opp for å høyre om kassefabrikkane. Nokre hadde køyrd heilt frå byen for å minnast barndommen på Finnøy.

Kåre Vargervik opnar møtet.

– Me skal fortelje om kassefabrikken, eller «sajå» som me kalla det.

Eike-Kongsvik fortel om fabrikken som produserte ferdigspikra kassar og buntar med fjøler. Desse blei nytta til tomat- og agurkkassar.

Historisk var det kassefabrikk på Fister.

– Mang ein Finnøybu minnast «Sigmundstadbåten» som kom tøffande søkklasta med trekassar av ulike slag. Båten leverte kassar til store delar av Ryfylke, seier ho. Fabrikken var Eigd av Bjarne og Sigmund Sigmundstad.

Auka behov

I Finnøy Herad var det 86 drivhus i 1936, og 20 nye var under bygging. I 1947 var det 130.

– Det var derfor godt grunnlag for å byggje eigen kassefabrikk på Finnøy, seier ho vidare:

– Drivhusa blei bygd på dugnad, så dei hadde berre kostnadar på materiale.

Dei to første drivhusa blei bygd på Talgje i 1933. Fem år seinare var det 30 drivhus på øya. Fogn hadde 10 drivhus i 1940.

Mange kjelder

Signy fortel engasjert om drivhus- og pakkerihistorie som ho har frå kjelder, til dømes i form av gamle avisartiklar, men også i form av samtalar med menneske som hugsar. Historielaget sit også på eit stort biletmateriale som dei har fått tilsendt.

Finnøy Kassafabrikk blei bygd på Lauvnes i 1955, og heldt fram til 1970. Tømmer blei henta frå Nedstrand, Vargervik og Alstveit, og mange menneske blei heldt i arbeid. I tillegg blei det samla sagspon som bønder kunne hente og nytte under dyr.

Her blei det levert trestokkar som blei delt til fjøler i saga.

Jubilanten blei feira med kake. Foto: Silje Talgø Klakegg

Framleis i bruk

Saga er framleis i bruk, og er framleis slik ho var den gongen ho blei bygd for 69 år sidan.

– Gutane som spikra kassar, fekk 10 øre i løn for kvar kasse, seier Eike-Kongsvik. Ho fortel at dei fekk utbetalt løna si kvar dag før dei gjekk heim.

– Tenk å tene 30 kronar dagen på begynninga av 60-talet. Det var mykje pengar den gongen.

Mange av dei som var til stades på foredraget deler erfaringane sine frå tida i kassefabrikken.

– Eg minnast at dei fekk 12 øre per agurkkasse, seier ein i publikum.

Største kunde

Gartnerhallen var den største kunden til Finnøy kassefabrikk.

– Dei pakka 12.000–14.000 kassar kvar dag, fortel Eike-Kongsvik.

Etter at det blei slutt med trekassar i 1970, fortsette fabrikken å lage andre ting.

– Det var slutt på trekassar, for då hadde dei gått over til å nytte pappkassar, legg ho til.

Signy Eike-Kongsvik blei takka for 20 års innsats i historielaget. Ho blir med vidare. Foto: Kjell Augestad

Arrangement i dag

I dag, 20. mars klokka 14.30 held Eike-Kongsvik foredrag om Kanuttes Knud i andre etasje på Finnøy bibliotek. Dette blir arrangert av Finnøy Historielag i samarbeid med pensjonistforeininga og Finnøy Folkeakademi.