– Nå startar reguleringa, så må me jobbe vidare for å få til finansieringa av sjølve bygginga, seier varaordførar Henrik Halleland i Stavanger kommune.

Bystyret har sett av fem millionar kroner i år til å regulere ein gang- og sykkelveg på strekninga Nådå – Reilstad. Torsdag orienterte kommunedirektøren om status i saka i utval for by- og samfunnsutvikling. Kommunedirektøren skriv:

«Administrasjonen vil inngå en avtale for utarbeiding av detaljreguleringsplan for strekningen Nådå Reilstad i løpet av våren. (...) Fylkeskommunen kontaktes for å sikre at reguleringsplanen er i tråd med veieiers behov.»

– Me har ikkje gitt opp å få fylket på banen for å finansiere sjølve bygginga. Alternativet er at kommunen tek rekninga, seier Halleland.

Eit rekkefølgjekrav i planverket sett bom stopp for all husbygging på Reilstad før det kjem ein gang- og sykkelveg.

– Dette må me bare få løyst, seier Halleland.