Storm i Rogaland i morgon tidleg

Meteorologene varslar bølger på opp mot åtte meter

  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Slik kan sjøen sjå ut i natt og i morgontimane laurdag. Foto: Arkiv

I morgen, torsdag, kan det bli bølger opp mot åtter meter i Rogaland, skriv Meteorologene på Twitter. Dei oppmodar folk som skal ut i båt om å sjekka kystvarselet.,

I dag er det Møre og Romsdal som får dei høgaste bølgene, men i morgon altså, er det Rogaland og Agder sin tur.

I desse fylka er det sendt ut gult farevarsel for kraftige vindkast frå i morgon klokka 0600 til 2200. Det vil blåsa kraftigast frå morgonen. Deretter vil vinden dreia nordvest. På kysten sør for Boknafjorden vil det blåsa full storm. I Rogaland kan vindkasta komma opp i 27 til 33 meter per sekund.