Kjempekjekk Tomatfestival: Heile festivalkomiteen tek eit år til

Så kjekt er det å vera med i tomatfestivalkomiteen at ingen av medlemmene i fjorårets komité ynskjer å gå ut. Dermed blir alle med i år også.

Årets festivalkomite med Silje V. Flesjå i midten. Frå venstre bak: Johan Eggebø, Aksel Tungland, Sissel Marie Bjerga, Kirsten Vestergaard Eike. Frå venstre framme: Kjetil Gård, Edle Skavland, SIlje Vignes Flesjå, Ragna Nordbø, Kolbjørn Setvik. I tillegg gjer Anja Helen Steinsland comeback. Foto: Tomatfestivalen
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

Og ikkje nok med det, Anja Helen Steinsland, som sat i komiteen i 2018 og 2019, hinta om at kanskje det kunne vore kjekt å vera med igjen.,

- Og då var me ikkje seine om å få ho med. Det er utruleg kjekt, tenk at folk er så positive og engasjerte. Eg blir heilt rørt, smiler koordinator Silje V. Flesjå

Festivalgjengen er allereie godt i gang med planlegginga av sommarens festival. Flesjå vil ikkje røpa særleg mykje ennå, men lovar at det blir tomat-tv i samarbeid med TV -Vest også i år.

- Me gjorde oss nokre nyttige erfaringar i fjor med tanke på handtering av pandemien, som me kjem til å vidareføra til denne festivalen. Blant anna det å ta i bruk større delar av Judaberg til festivalområde. Elles har me så smått byrja arbeidet med gjest, utstillarar og sponsorar, men meir kan eg ikkje seia akkurat no, avsluttar Silje V. Flesjå.

https://www.oyposten.no/2022/01/12/vel-blast-tomatfestivalen/

Tomatfestivalen blir 18. – 21. august.

Publisert: