Gudsteneste på Byre igjen i juli
Gudstenesta på fruktøya Byre i fjor har gitt meirsmak. Søndag 24. juli er det igjen duka for gudsteneste på øya.
BYRE: Gudstenesta i fjor samla eit par hundre menneske ved dammen til Gudmund og Kari Velve Byre.
Nå blir det ny utegudsteneste på same staden ved prest Tor Egil Eriksen.
-Det er kjekt å arrangera gudstenester på øyar som vanlegvis ikkje har det, seier assisterande kyrkjeverge Arne Mossige til Øyposten.
-Me prøver å få til noko liknande som i fjor. Dessutan håpar me at vêret er med oss, også denne sommaren, seier Mossige.
Gudstenesta er lagt opp slik at det er mulig å reisa med ferje til Byre frå øyane i Finnøy, og tilbake med hurtigbåt til knutepunktet Judaberg.