Bjarne Kvadsheim (t.v.) saman med partifellene Birger W. Hetland og Dagny Sunnanå Hausken.

Senterpartiet er med i det politiske fleirtalet i Nye Stavanger, men Hetland kan ikkje garantere støtte til KrF-forslaget.,

-Det er flott viss KrF har klart å finna pengar til dette, men eg vil studera forslaget nærare før eg kan seia om det er noko me kan gå for, seier Hetland til Øyposten.

Sp-politikaren meiner det er uansvarleg å auka anslaget for skatteinntektene neste år, når pilene etter hans meining peikar nedover.

-Det er enkelt å laga eit budsjett som dei slepp å stå ansvarlege for. Men viss KrF har eit så godt forslag som dei påstår bør dei gå i samtalar med det politiske fleirtalet i Stavanger for å prøva å vinna støtte for det, seier han.

Hetland viser også til at han har tatt saka opp med kommunedirektøren med spørsmål om det er mulig å løyva pengar til prosjektet over budsjettet til Nye Stavanger.

I svaret, datert 12. november, skriv kommunedirektøren mellom anna:

"Siden det er Statens Vegvesen sitt pågående prosjekt, ansees det ikke som aktuelt å sette av kommunale budsjettmidler til dette".

-Då er det merkeleg at KrF får det til, seier Hetland.

Heller ikkje Frode Myrhol i FNB er klar til å hoppa på forslaget frå Halleland og KrF.

- Det verkare litt enkelt å bare auka skatteanslaget, innvender Myrhol, som legg til at bommen i Finnfast etter bompengepartiet si meining skal bort så snart Finnfast er betalt.

-Ein gang- og sykkelveg har ikkje noko med Finnfast å gjera, den må betalast på anna vis, meiner han.