Stavanger er blitt ein stor distriktskommune etter at byen slo seg saman med øykommunane, blei det sagt i formannskapet.

Formannskapet fylgde opp dei positive signala frå politikarane i arbeidsutvalet tysdag, og samtlege parti sa ja til at Stavanger skal bli medlem.,

Ryfylkealliansen har som formål å skapa liv og aktivitet i regionen, og mange av kommunane i regionen er medlemmer. Det var også Finnøy, og då kommunen gjekk saman med Stavanger og Rennesøy retta alliansen spørsmålet til Stavanger om å teikna medlemskap.

Kommunedirektør Per Kristian Vareide rådde politikarane til å seia nei, men ordførar Kari Nessa Nordtun meinte det var lurt av Stavanger å vera med, og sette fram forslag om dette.

I formannskapet torsdag blei det ein kort runde om saka, og det kom positive signal frå alle.

Frps Leif Arne Moi Nilsen hevda han har eit spesielt forhold til Finnøy, og var imponert over kor mykje Ryfylkealliansen får til med små midler.

Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken meinte Stavanger er blitt ein stor distriktskommune etter å ha gått saman med Finnøy og Rennesøy. Difor blir feil å melda seg «rett ut», meinte ho.

Formannskapet vedtok også at medlemskapet skal evaluerast etter eit år.