Pendlarar i øyane har ikkje hatt same fordelane som i byen.

Som eit ledd i satsinga på å få fleire til å reisa kollektivt, bed fleirtalspartia om at det blir laga ei sak til utvalet for miljø- og utbygging i Stavanger om å utvida den gunstige pendlarordninga til heile kommunen.,

I sitt forslag til kommunebudsjett for neste år, skriv dei:

"Transportsektoren er blant de største utslippskildene i Stavanger. For å redusere utslippene er det viktig å gjøre det mer attraktivt for innbyggerne å kunne bruke buss, sykkel eller gange som transportmiddel så ofte som mulig. Stavanger skal være i front for å utvikle nye løsninger for økt mobilitet. Det bes om en sak til utvalg for miljhø og utbygging om videreutvikling av "Hent meg-ordningen" og Hjem-jobb-hjem" i hele kommunen".

I dag er det bare nåverande Stavanger og Rennesøy kommunar som er omfatta av denne. Mot å betala 515 kroner kan reisande få ubegrensa reiser med buss eller tog i ein månad.

Fylkeskommunen skal nå vurdera om ordninga skal utvidast, mellom anna til Strand i samband med at Ryfast åpnar.

Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken (Sp) i nye Stavanger kommune seier ho vil forfølga dette overfor fylkeskommunen.

-Ei utviding av ordninga bør også gjelda Finnøy, seier ho.